Drivkraft
Tenk deg at det blir gjort mogleg for deg å reise tilbake i tid for å observere, snakke med folk og samle inn så mykje informasjon som du greier å få med deg tilbake gjennom ein tidsportal. Ville du gjort det?
Svaret mitt er Ja! Ja! Ja! Eg dreg!
Å arbeide med kjelder og å sette meg inn i andre menneske sine liv og livsrammer, er som ei tidsreise for meg. Det er ein draumejobb – eg kan ikkje tenkje meg noko meir spennande enn det. Men det må vere på min måte. Eg må kunne leggje meg sjølv inn i arbeidet og rå over prosessen sjølv. Då går eg «all in» på godt nynorsk og er sjølvdrivande og ustoppeleg. Det er som å vere i eit eventyr, der eg oppdagar stadig nye ting, analyserar, set saman og tolkar ulike spor – som ein etterforskar som reiser gjennom hundreåra.
Eg har ingen problem med å halde ut med kråketærne på gulna, skøyrt papir - dei kan avsløre store oppdagingar. Sjølv om det er tidkrevjande å arbeide metodisk med skattelister og matriklar, dukkar det nesten alltid opp noko nytt og spanande vel verdt tida. Skiftepapir og tingbøker kan romme store forteljingar sjølv om dei er arbeidskrevjande å snirkle seg gjennom. Sist men ikkje minst, å gå gamle historier etter i saumane, kan avdekkje nye og sannare historier, historier som kviler trygt i skriftlege kjelder.
I det store og heile kjenner eg meg uredd og fri under reisene tilbake i tid.
Som bygdebokforfattar kan du følgje mykje brukte stiar eller finne din eigen veg. Eg har alltid vore mellom dei som likar å trakke opp mine eigne skispor i laussnøen. Det gir meg tid til å tenkje. Til å sjå detaljane rundt meg. Til å tolke det eg ser. Eg likar å bruke heile meg i prosessen. Førestillingsevne, innleving, nysgjerrigheit, oppdagartrong, analytiske evner og ikkje minst ein solid grunnmur av historiekunnskap tileigna gjennom mange års studiar på universitetet.
Arbeidet har også ei bakside. Vi kan kalle den TTT – ting tek tid. Og tid er pengar. Kommunale oppdragsgjevarar vil gjerne ha arbeidet kjapt og billeg unna. Det er ofte lite forståing for «arbeidets art» og kva innsatsfaktorar som må til for å kvalitetssikre arbeidet. Ein bygdebokforfattar står alltid i fare for å bli ein salderingspost når dei kommunale budsjetta må strammast inn.
Arbeider du for deg sjølv, som meg, ligg det ein enorm personleg risiko i arbeidet. Du gamblar med inntekt, pensjon, med hus og heim. Uansett om du får støtte til trykkinga og sel kvar einaste bok, dekkjer det ikkje opp for arbeidstida som vert lagt ned. Inntekta er ikkje nok til å kjøpe fri arbeidskrafta di, den er ikkje til å leve av. Difor må du ta på deg andre oppdrag innimellom. Og dermed tek arbeidet med bøkene enno lengre tid. For, som alle andre treng du mat på bordet for å kunne arbeide. Du må betale for straum, forsikring, lån, internett, oppvarming og kommunale avgifter. I tillegg kjem innbetaling til pensjonsordning, mva, diverse utstyr og andre innsatsfaktorar for å få arbeidet til å gå rundt, utgifter i samband med arbeidet som ein arbeidstakar ikkje treng å uroe seg for fordi det er slikt arbeidsgjevaren står for. Desse utgiftene tek ikkje pause medan du skriv, dei kjem på nytt og på nytt kvar einaste månad. Du treng gjerne litt meir også, som ein hårklipp i ny og ne og å kunne erstatte øydelagde og utslitne sko og klede. Som dei fleste andre blir du av og til sjuk og du ønskjer å kunne gje familien gåver til jul og bursdagar. Det seier seg sjølv at det kan vere psykisk slitsamt å vere i ein slik økonomisk usikker situasjon. Det er umogleg å leve av eventyrlyst og arbeidsglede åleine.
Så kvifor held eg då ut? Kvifor i all verda driv eg med dette og gir avkall på eit trygt A4-liv som tilsett? Svaret finn du sjølvsagt i starten av dette blogginnlegget, men det er også noko meir. Gleda over å sjå kor mykje det betyr for andre å få historia si mellom to permar. At ho blir synleggjort for ettertida. For alt det nye som kjem fram. Og skulle det vere nokon som blir meir medviten på og stolt over eigen bakgrunn, eller får utvida perspektiv på eige liv etter å ha lese bøkene, så vil det gjere meg meir enn lukkeleg.
Begge foto: Pixabay.
0 kommentarer
Legg igjen en kommentar
Vennligst logg inn for å legge inn en kommentar